Biblioteket markerte nynorskveka
Martine Rørstad Sand t.v. og Liv Marit Hauso hadde mykje besøk på biblioteket der nynorskveka vart markert.
Ved Sunnylven bibliotek vart nynorskveka markert torsdag. Mange kom innom, også mange av elevane ved Sunnylven skule.
Det var folksamt på biblioteket på Hellesylt torsdag. I høve nynorskveka vart dagen markert i mange timar, og mange lånte med seg bøker heim. Spesielt var elevar frå Sunnylven skule gode låntakarar.
Men det var ikkje berre bøker ein kunne få på biblioteket denne dagen. Ei stor sjokoladekake stod til å forsyne seg av og som mange nytta høvet å smake på.
Saman med klistremerke og buttons vart nynorsken markert på ein solid og god måte på Hellesylt torsdag. Til stades var bibliotekar Martine Rørstad Sand som også er medlem av styret i Stranda mållag. Ho var godt nøgd med frammøte, og det same var styremedlem i mållaget Liv Marit Hauso som også var til stades. Begge tok seg av dei mange som kom innom.
-Det er viktig å skape gode haldningar til å bruke språket sitt frå tidleg alder. Ein må skape ei bevistgjering rundt eige språk og vere stolte av nynorsken, sa Liv Marit Hauso.
Dei eldste elevane vart oppmoda om å ta med seg nynorsken i vidare skulegang, noko dei var positive til.