LokalnyttLokalsport

Etterlengta siger for J16

Bildetekst: J16 hausten 2025. Frå venstre: Olivia, Siril, Tuva Marie, Tora, Julie, Ingeborg, Marta og Alexandra. Framme keeper Siv-Anita.

J-16 laget til Sunnylven har gått på nokre stygge tap tidleg i vårsesongen, men viste stor framgang i sist heimekamp mot Ørsta der berre ein kjempegod Ørsta-keeper hindra laget frå å ta poeng. Det var derfor med ein viss optimisme laget reiste til Mauseidvåg fredag ettermiddag for å spele mot Sula/ Langevåg 2.

Og bortelaget fekk ein god start. Tuva Marie gav laget leiinga allereie i det fyrste speleminuttet på eit flott langskot over keeper. Sula snudde kampen med to raske mål før Ingeborg tok eit raid på høgresida, la inn til Siril som utlikna til 2-2. Sula gjekk raskt opp i leiing igjen før to nye mål av Siril og eit av Tora gav Sunnylven ei fortjent 5-3 leiing. Sula reduserte rett før pause slik at resultatet til pause var ei knapp leiing til bortelaget.

10 minutt ut i 2 omgang scora Sydney Måseide sitt andre mål for dagen for heimelaget og ordna balanse i rekneskapet. Men derifrå og ut var det ingen tvil. Ingeborg scora 6-5 på eit flott skot etter fine kombinasjon før Olivia fastsette sluttresultatet til 7-5 etter supert forarbeid av Julie. Dommar var Niklas Spets (Aalesund)

Dette var ein flott kamp av J16. Laget har fått justert litt på formasjonane frå dei fyrste kampane og viste flott innsats og mange fine kombinasjonar. Neste kamp for laget er borte mot Volda fyrstkomande tysdag.

Lagkapteinane Ingeborg og Julia leiar sine lag inn på bana.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info