J13-laget jubla mest på Hellesylt stadion
Her er J-13 laget som vann mot Ørskog. Ikkje noko å seie på humøret etter 2-1-siger
Det vart ein tett og målfattig kamp på Hellesylt stadion då Sunnylven J13 møtte Ørskog fredag kveld. Sunnylven vann kampen 2-1. (2-1)
Jubelen frå Sunnylvsjentene var høyrbar på Hellesylt stadion då domar Odd Even Svindseth bes for full tid i kampen mellom heimelaget og Ørskog fredag kveld. Sunnylven vann kampen 2-1, som også var pauseresultatet.
Det var Sunnylven som kom best i gong og skåra både ein og to gonger før det var gått kvarteret av kampen. Midtvegs i fyrste omgang reduserte Ørskog, men fleire mål vart det ikkje. Måla til Sunnylven vart donka inn av Madelen.
Det var ein fartsfylt og god kamp på Hellesylt stadion av dei to 13-års-laga. Rett nok ikkje mange 13-åringar på Sunnylven, men også dei som var både eitt og to år yngre kunne å spele fotball, det fekk eit engasjert publikum sjå.
Dette var J13-laget sin femte kamp og andre siger for året. Vi såg mange med god fotball i beina, men aller best var nok burvaktaren til Sunnylven. Ho hadde både gode reaksjonsredningar og gode utspel.
Men alt i alt ein flott kamp av J13-laget. Her var mykje fotball, og mykje å bygge vidare på.
Laget blir trena av Kim Sture Flo.