Kåserer om diktaren Ivar Ringdal
På arrangementet i Gamleskulen fortel Asbjørn Tryggestad om diktaren Ivar Ringdal.
Stranda Mållag og Gamleskulen aktivitetsmuseum inviterer til underhaldningskveld med kåseri om diktaren Ivar Ringdal ved Asbjørn Tryggestad, og song av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Tysdag 27. mai blir det underhaldningskveld i Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt. Der kåserer Asbjørn Tryggestad om bygda sin diktar Ivar Ringdal, og det blir song av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Diktaren Ivar Ringdal var fødd og oppvaksen på Ringdal i 1915. Som bonde skreiv han også mykje, og då han døde i 1983 etterlet han seg mellom anna ei stor diktsamling.
Ivar Ringdal var ein velkjend person i heimbygda, og diktinga hans femna vidt: natur, folk og religion. I 1975 kom diktsamlinga «Lyng i steinurd» ut på Fonna forlag, kanskje den mest velkjende diktboka etter han.
På Gamleskulen får vi høyre meir om diktaren og arbeida han gav ut av Asbjørn Tryggestad.
Der blir det også musikalske innslag ved Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Inngang: kr. 100,- for ikkje-medlemar.
Gratis for medlemar av mållaget og gamleskulen. Medlemskap kan teiknast ved døra. Vi har Vipps og kontantar. Barn og skuleelevar gratis.
Sal av kaffi og kaker.
Ta med deg ein ven og bli med.
Arrangement på Facebook: https://fb.me/e/8wzsHWsux
Velkomen!