Lokalnytt

Konfirmasjon i Sunnylven

Konfirmantar i Sunnylven, framme frå venstre; Julie Bjørlykhaug Stadheim, Tora Kvamme Rusten, Elias Skjortnes Røyrhus. Bak sokneprest Ann Kristin Langeland, June Tronstad, Christine Tronstad, Mathias Sporstøl Ravelo.

Laurdag 3. mai var det konfirmasjon i Sunnylven. I kyrkja vart seks konfirmantar, fire jenter og to gutar konfirmert av sokneprest Ann Kristin Langeland.

Om veret var skiftande med lave temperaturar var Sunnylven kyrkje nær fullsett då seks unge vart konfirmert 3. mai. Ei høgtidsstund i den gamle kyrkja med song og musikk, gode ord og flotte konfirmantar.

-Då dokke vart døypt vart dokke borne inn i kyrkja. I dag gjekk dokke sjølve inn i kyrkja vår, sa sokneprest Ann Kristin Langeland då ho opna konfirmasjonen av seks flotte ungdomar i Sunnylven kyrkje.
Og her var ein trygg plass, ein stad det var viktig å tenkje over om det var her dei ville vere i livet også vidare.
Ho inviterte dei til å kome til kyrkja også seinare og sa; -Mitt håp og mitt ynskje er at De må kjenne Dykk vel og at det er her De vil vere.
Langeland kom også litt inn på verda vi lever i og der mykje vondt skjer.
Derfor var det viktig at vi var vakne og ikkje naive, sa ho.

Konfirmantar på veg inn i kyrkja. Framme går soknerådsleiar Tryggestad og bak sokneprest Langeland

Den siste tida hadde konfirmantane også gjort ein innsats og samla inn mykje pengar til dei som har det vondt i livet. Det tykte soknepresten var fint.
-Hald fram med det og hjelp dei som treng det. Og ta vare på verdiar De har fått i heimen og på skulen og gje dei vidare til dei dokke er glade i.
De er gode nok akkurat slik de er, og her er kyrkjedøra alltid open for dokke, sa Ann Kristin Langeland.
Ho kom med ei oppfordring til slutt; -Kom til kyrkja, der er De gode nok og der vil De møte det gode.

Konfirmasjonen i Sunnylven vart ei ny høgtidsstund i kyrkja. Mykje vakker song og musikk vart framført, både av solist Kristin Storstein, av organist Gunnar Inge Eide, og det var vakker salmesong av kyrkjelyden.

Så vart dei seks konfirmantane kalla fram til altarringen der soknepresten las velsigning og bøn til kvar av dei; Elias Skjortnes Røyrhus, Mathias Sporstøl Ravelo, Christine Tronstad, Tora Kvamme Rusten, June Tronstad og Julie Bjørlykhaug Stadheim.

Kristin Storstein bidrog med fleire vakre songar. Ved pianoet Gunnar Inge Eide.

Etter songen «Ingen som du» helsa soknerådsleiar Stig Tryggestad. Han kom med ei klar og god oppfordring til dei seks. -Finn dokka plass i samfunnet, sa han før han gav kvar ei rose på vegen vidare.

Konfirmasjonsgudstenesta i Sunnylven kyrkje vart avslutta med salmen «Deg vere ære…»

Organist i Sunnylven kyrkje, Gunnar Inge Eide.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380