8. mars 2026

Møte om diktar samla fullt hus

Anders Folkestad leia samlinga i Gamleskulen på Hellesylt.

Møtet om diktaren Ivar Ringdal samla fullt hus i gamleskulen på Hellesylt. I tillegg til kåseri hadde samlinga også fleire song -og musikkinnslag.

Stranda mållag og Gamleskulen aktivitetsmuseum var arrangørar av møtet om diktaren Ivar Ringdal. Han levde mellom 1915 og 1983 og var berre 68 år då han døde.
Men han etterlet seg ein stor og flott diktskatt som Asbjørn Tryggestad fortalde om og las fleire både kjende og ukjende dikt frå.

Kåsør Asbjørn Tryggestad.

Ringdal hadde ei stor evne til å forme seg med rimord, både kvardagslivet, om natur, og han sveipa også innom religiøse ting. Og så kunne han skrive i overraskande vendingar som også vekte åtgaum.
Asbjørn Tryggestad hadde leita fram mange av «gullkorna» som skalden frå Ringdal hadde forma. Det vart ein halvtime med gode og treffande dikt, der eit stort publikum på rundt 50 levde med i ei triveleg stund.

Leiar i Gamleskulen aktivitetsmuseum, Arne Ringdal hadde også eit innlegg om livet i det gamle skulehuset før i tida, og om personar som hadde engasjert seg i bygdemiljøet på ulike måtar. Han hadde også leita fram eit par gamle dikt han tykte godt om og som han las.

Kristin Storstein tv. og Oddbjørg Stadheim underheldt med song.

På gamleskulen var det også song og musikkinnslag av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim, fleire vakre songar som dei hausta stor applaus for. Alle hadde nynorsk tekst unnateke ein song.
Det var møteleiar Anders Folkestad nøgd med, vil vi tru.
Han takka til slutt alle og delte ut små gåver til dei to songaktørane og til Asbjørn Tryggestad.

Leiar i Gamleskulen aktivitetsmuseum, Arne Ringdal.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →