Pynta sentrum med blomar til 17. mai
Eli Westphal, Ingebjørg S. Fivelstad og Mia Sjåstad stod for planting av blomar i fleire «krukker» i Hellesylt sentrum no før 17. mai.
Onsdag ettermiddag var medlemmar i Sunnylven Pensjonistlag ute og planta blomar i 13 store krukker rundt om i Hellesylt sentrum.
Av Lars Fivelstad
Blomane var kjøpte inn og henta frå Holmberg gartneri i Velledalen.
Dugnaden var vel organisert. Plantene blei køyrt rundt og sett av i rett antal ved kvar krukke. Her stod plantegjengen klar og sytte for at plantene kom på plass i god jord og i eit fint mønster. Alle dei 13 krukkene blei beplanta heilt likt og vatna.
Denne pyntinga av Hellesylt sentrum er også i år eit samarbeid mellom Hellesylt Næringslag og Sunnylven Pensjonistlag.
Fleire «krukker» vart planta onsdag i veka før 17. mai.