Siste øving før nasjonaldagen
Til slutt på dagens øving ventar gosaker frå pølsevert Ole A. Ringdal
Sunnylven skulekorps har siste finpuss før 17. mai i dag fredag. Det blir speling og marsjering i byggefeltet på Reset. Korpset inviterer alle som vil til å vere med.
Dette har vi fått frå korpset:
HIPP HURRA – snart 17. mai og korpset øver for fullt 





Vi gjentek suksessen frå i fjor – marsjerer frå Solveien og nedover på reset 16.mai ca 18.30 





Møt gjerne opp med flagg langs vegen og bli med å marsjer i kveldssola 

Så då er det berre å ta oppfordringa å møte opp dei som vil.