Smart attvin på skulen
Høgtalar med flaske. Sakarias, Vetle og Elena.
Ved Sunnylven skule laga tredje og fjerde klasse ting og viste måtar å bruke dei på. Ei utstilling med mange kreative konstruksjonar.
«Smart attvin» kalla dei 15 elevane frå 3. og 4. klasse utstillinga si som dei presenterte for foreldre og andre skodelystne torsdag denne veka. Mykje kan nyttast og mykje kan lagast av brukte ting som blir kasta om berre fantasien får råde.
Vi var innom salen i samfunnshuset der fem bord var sett fram og der små, spesielle og kreative konstruksjonar vart demonstrert og forklart for dei mange skodelystne som kom innom. Og konstruktørane var godt fornøgde der dei demonstrerte og viste fram det dei hadde laga.
Lærar for dei «smarte» elevane er Susanne Margrete Ringdal. Ho fortalde at dei 15 hadde Kikk off og planlegging på måndag, og dagen etter tok dei seg tur til Jarnes i Sykkylven for å jobbe med prosjekta sine. Der vart det også ein liten kafe-visitt.
Onsdag vart brukt til å gjere ferdig tinga og utstillinga, og torsdag vart det heile vist fram for mange interesserte.
-Det er ein fin gjeng, og eg trur dei har lika å halde på med prosjektet, for på spørsmål om dei tykte det var kjekt å vere på med noko anna i staden for å lese og skrive i ei bok, var svaret eit klart ja! Alle skal få premie for godt jobba arbeid, ein matboks og eit diplom, sa Susanne.
Fonti. Oliver, Jonas og Vilde.
Dei 15 elevane var delt i fem grupper på tre i kvar, og dei laga slike ting;
Brannlampe:
Teodor, Willian og Yeva.
Superleikesett:
Trym, Aline og Henrik.
Splitmaskin:
Leonard, Willian BS, og Marte.
Høgtalar med flaske:
Sakarias, Vetle, og Elena.
Fonti:
Oliver, Jonas og Vilde.
Brannlampe, av William, Teodor og Yeva.
Superleikesett, Trym, Aline og Henrik.
Splitmaskin, av Marte, Leonard og William.