Storsiger over Spjelkavik 2

Foto: G. Fivelstad.
Det vart ein målrik kamp mellom G16-laga Sunnylven og Spjelkavik 2 på Hellesylt stadion søndag. Og Sunnylven var best og vann 10-6. (6-2)
Gutane på Spjelkavik 2 gjekk tøft ut i kampen mot Sunnylven på Hellesylt stadion søndag. Dei pressa høgt i motsetning til heimelaget som var meir avventande. Men når sjansen kom var det full fart i angrep. Det resulterte i årets fyrste siger med heile 10-6 etter 6-2 i fyrste omgang.
Spjelkavik 2 hadde mykje av banespelet, men det stoppa opp i eit hardtarbeidande heimeforsvar.
Det ville seg ikkje for gjestane, for skota gjekk både til side og over Sunnylven sitt mål, eller så redda burvaktar Elias Skjortnes dei fleste forsøka. Han spela ein god kamp.
Gode var også resten på heimelaget denne dagen. Det var svært så tett i forsvaret, stort tempo i angrepa, presise pasningar og knallharde skot på mål. Då er det ikkje lett å vakte gjestane sitt mål, ein plass dei bytta på frå fyrste til andre omgang.
Sunnylven har spela godt dei siste kampane, men ikkje hanka inn poeng før. Søndag tok dei med seg alle etter ein god kamp, sjølv om trenaren til gjestane engasjerte seg stort og gjorde det han kunne i forsøk på at laget skulle vinne poeng på Hellesylt stadion. Dei gjekk alle til Sunnylven denne gongen.
Domar i kampen var Odd Even Svindseth, VRF.
Måla til Sunnylven kom slik:
4. min. Lang pasning opp på Jakob, får kontroll, inn til Sander som setter den i bakerste, 1-0
6. min. Ari bryt på høgreback, går langs sida, inn til Sander, dempar og peikar i mål, 2-0
12. min. Vi vinn ball på midten, Sander spelar Ari gjennom som går forbi en og skyt i krysset, 3-0
13. min. Sander og Ari hjelper kvarandre, Ari tupper tunnel, 4-0
24. min. Langt innkast, Kai Adam demper til Sander som har en lett jobb til 5-0
28. min. Corner, dei spelar enkelt sammen 5-1
35. min. Dei spelar hurtig og kjapt, inn og 5-2
36. min. Langt kast til Ari, spelar inn til Fredrik, sentrer tilbake til Ari, strak vrist, 6-2
Pause
44. min. Vi mister ball på midt, speler gjennom ledd, vi mangler press, 6-3
46. min. Oskar går og dribler, langt til Jakob, tupper tunnel på keeper, 7-3
59. min. God kontroll på kontring, Jakob, Oskar og Sander er involvert, Sander setter 8-3
61. min. Sander får lenge og ned mot cornerflagg. Legger til Ari, 9-3
63. min. Corner, lav inn, 9-4
64. min. Lang ball frå Ari, Fredrik på volley til 10-4
68. min. Lang ball, stuss, over Elias, 10-5
77. min. Langskudd, 10-6