Lokalnytt

Tradisjonell 17. mai-feiring i Sunnylven.

Sunnylven skulekorps hadde ein travel 17. mai.

Vergudane stod på arrangørane si side og 17 mai vart ein strålande dag i Sunnylven. I år er det 80 år sidan 2. verdskrig slutta og dagen starta med at to elevar frå 10. klasse la ned blomar og las minneord over dei som miste livet under krigen.

Desse var Erling Ingvald Ringdal som fall ved Dombås 15. april 1940. Det var Louis Norman Larsen som kom bort ved eit krigsforlis i Indiahavet 15. juni 1943. Anders Perry Haugen sat i tysk krigsfangenskap og døydde i Bautzen i Sachsen 6. februar 1945. Den fjerde var Asbjørn Olav Tryggestad som vart skoten av ein tysk vaktpost på Hellesylt 4. september 1943.

Marta Friestad og Siv-Anita Aasheim Nessan las minneord og la ned blomar.

Fjordapresten Ann Kristin Langeland leia ei godt besøkt festgudsteneste. Kristin Storstein var vikarierande organist på piano og Sunnylven skulekorps spelte til nasjonalsongane «Fagert er landet», «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Ja, vi elsker». I preika si reflekterte Langeland over det urolege verdsbildet både i Gaza og i Ukraina og sa at vi ikkje kan ta demokratiet for gitt, men må stå opp for dette.

Sunnylven skulekorps spelte også utanfor Sunnylven omsorgsenter.

Etter festgudstenesta var det folketog frå Sunnylven kyrke, inn gamlevegen rundt Hægstad Gård og vidare til Sunnylven omsorgsenter. Her stoppa toget og spelte «Ja, vi elsker» for pensjonærane og dei tilsette før toget marsjerte vidare til samfunnshuset.

Både ballkast og 21 var populæra aktivitetar

Etter folketoget var det leikar og konkurranse for born og vaksne. Det var både hesteskokasting, pilkast, bokskast, styltrer, potetløp, løype for trehjulsyklar med meir. Dei beste i hesteskokast og pilkast fekk sine premiar seinare på programmet. Det var også sal av kaffi, kaker, pølser, brus og is på samfunnshuset.

Representantar for barneleikarringen.

Barneleikarringen hadde eigen programpost utanfor omsorgsenteret etter folketoget. Her opptrådde dei unge dansarane under leiing av Marte Hjellbakk Hole og Wenche Høgalmen, med både polka og sangleikar. Dette var eit tydeleg populært innslag.

Når leikane var ferdig var det samling på samfunnshuset. Programmet opna med Sunnylven skulekorps som leia av Trond Otto Berg spelte «Ja, vi elsker» og marsjen ‘Arosa’.

Årets 10-klassingar: f.v: Sune, Marta, Sina, Ari, Kristen, Sander, Oskar, Ingeborg, Siv-Anita og Olivia. Isabella og Dean var ikkje tilstades.

Deretter holdt årets 10-klassingar 17.mai-tale. Tala var skriven av heile klassa og framført av Siv-Anita Aasheim Nessan, Olivia Frøysa Hånes og Ingeborg Fivelstad Stadheim. Dette var ei fin tale der dei mellom anna trekte fram verdien av å bu på ein liten plass og dugnadsånda og fellesskapet som vi finn her i Sunnylven.

Frå venstre lærar i kulturskulen Synnøve Hjellbakk Hole, Sofia Pacificar og Alma Hole Flo.

Andre programinnslag kom frå kulturskulen. Her spelte Ane Brenne Ringdal eit stykke av Bach på piano. Deretter var det Alma Hole Flo og Sofia Pacificar sin tur saman med felelærar Synnøve Hjellbakk Hole. Leikarringen hadde deretter ein bolk før det var tid for premiutdeling for pilkast og hesteskokasting.

Programmet vart avslutta med Allsong. På allsongane hadde arrangøren fått med seg Bjarne Sjåstad på piano.

Leiar i Idrottslaget Tarjei Korsbrekke var stødig progamleiar. Som 10-klassingane i si tale, trekte han også fram verdien av dugnadsarbeid og deltaking i frivillige organisasjonar for å fremme bulyst i Sunnylven.

Seinare på kvelden var det dans med Stine Nilsen og Svein Løvold på Samfunnshuset. Her kunne det vore betre besøk, men alt i alt var det ein flott 17. mai i Sunnylven.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info