Lokalnytt

Tyske skuleelevar besøkte indre Sunnmøre

Her er alle elevar på husmannsplassen Kurlå ved Sunnylvsfjorden.

Skulane i Eidsdal, Geiranger og Sunnylven har denne veka hatt besøk av elevar frå Husum, eit Verdsarvområde i nord-Tyskland. På Sunnmøre møtte dei også Verdarvdistrikt.

Alle foto: Karolin Parthe

I alt 15 elevar og to lærarar frå 9. klasse ved Husum skule i Tyskland kom måndag 5. mai til Sunnmøre. Det kom fire elevar til Eidsdal, to til Geiranger, og til Sunnylven skule kom ni elevar. Alle har budd heime hos norske skuleelevar.

Onsdag var dei samla ved Sunnylven skule, og vi fekk ein prat med lærar Karolin Parthe som har hatt mykje med opplegget og aktiviteten norske og tyske elevar har hatt denne veka.
Elevane har to ulike språk, men desse dagane har det gått mest på engelsk som alle kunne godt, fortalde Karolin som sjølv er tysk, men har slått seg til i lag med sambuar på Hellesylt.

Dei tyske elevane ved Sunnylven skule kom måndag ettermiddag og fann sine norske vertar.
Tysdag vart fyrste skuledag saman og då gjekk turen til Nibbedalen der dei fekk sjå morener og spor etter istida. Elevane i Geiranger var i Gråsteindalen, fortel Karolin.

Her er elevane i Nibbedalen der dei såg og snakka om morene og istid.

På onsdag vart det ny utflukt og denne gongen til Åsneset og Kurlå. Råsa dit er ikkje den beste for folk som bur og lever på flatland i Tyskland, med det gjekk bra for alle, fortel Karolin.
-Her fortalde eg om dei tre buplassane i området, Bergeplassen, Åsneset og Kurlå, og til sist om staden med minnestein på Korsbrekke der eit snøras reiv kyrkja ein vinterdag i mars 1727.
Elevane var imponert over at folk kunne bu under så enkle kår som på Åsneset. Dei har fått mange inntrykk å ta med seg heim, seier ho.

Karolin Parthe har hatt med fleire av lærarane ved dei tre skulane på omvisinga. Dei som har stått på er Liv Norun Langeland, Gunnar Inge Eide, Tordis Beate Nesse, Reidun Remme Habostad, Magnar Tufte Tyssen, og dei to tyske Dennis og Karolin.

-Det har vore veldig kjekt for våre elevar å få vise fram området og den flotte naturen vår. Og alle dei tyske var storleg imponert over terreng og dei høge fjella som vi har rundt oss.
Dei har fått oppleve mykje som dei har sett stor pris på, både i skulen vår og ute i området, mellom anna fekk dei med seg ein fotballkamp på stadion tysdag.

Aktivitet i gymmsalen ved Sunnylven skule.

På onsdag var siste dagen med elevbesøk frå Tyskland. Etter turen til Åsneset, vart det servert pizza sponsa av Orkla, og med drikke og meir frå daglegvarebutikkane Joker og Coop på Hellesylt.
Og som siste aktivitet mellom tyske og norske ungdomar vart det volleyball, fotball, musikk og mykje, mykje meir.
Torsdag reiser dei heim, med ferje til Geiranger der dei skal innom Fjordsenteret, før turen går vidare til Ålesund og fly tilbake til Tyskland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380