Lokalnytt

Vakuumtoalett klart til bruk

Mannskap frå brannvesenet var på plass med brannbil og fylte opp tankane på vakuumtoalettet med vatn.

På Flofjellvegen ved Vollset er vakuumtoalettet kopla opp og klar til bruk.

For få dagar sidan var folk frå brannvesenet på Hellesylt på plass og fylte opp tanken på vakuumtoalettet ved Vollset med vatn. Deretter vart batteri og solcelleanlegget kopla opp, og toalettet er klart til bruk.

Turvegen til Flofjellet har mykje besøk kvar sommar. I området har også Sunnylven IL to trimpostar, ved Nedstevatnet og i Stigholen, poengpostar som mange besøkjer.
Men det er unge og eldre turgåarar som utgjer fleirtalet etter den populære turruta frå Vollset til Flofjellet. Mange går også heilt til Flo i Stryn.

Det var i 2016 at vakuumtoalettet ved parkeringsplassen på Vollset kom, og sidan då har toalettet vore rigga og i bruk kvar sommar.
No er alt «på stell» også denne sommaren. Den 4. mai var brannvesenet på Hellesylt på staden med brannbil og fylte opp anlegget med vatn, eit toalett som er drifta av batteri og solceller.
Anlegget har fungert prikkfritt i alle år det har vore i bruk.

Det var i 2016 at toalettanlegget ved parkeringsplassen på Vollset vart teke i bruk. På bildet ser vi frå venstre Egil Røyrhus, Inge Bjørdal som begge jobba mykje med å få anlegget på plass, og Lillian Aasheim frå Brannvesenet.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380