Bakevarer gjekk unna
Her har Kjellrun Bortne eit brett skulebollar, ikkje heilt ferdig «pynta» enno.
Det var stor rift etter bakevarer som Kjellrun Bortne baud fram på kyrkjelydshuset på Hellesylt søndag. Etter ein halvtime måtte nye varer bakast.
Sunnylvingar er ikkje matlause, men dei likar gode bakevarer. Og nybaka og ferske sortar er ikkje alltid like vanleg å få tak i på Hellesylt heller. Men søndag baud Kjellrun Bortne på fleire sortar frå bakaromnen ved kyrkjelydshuset, og folk støymde på. Det var med andre ord noko nytt i turiststaden som mange sette pris på.
På ein halv time vart eit stort utval bakevarer selt ut og Kjellrun måtte skaffe meir. Etter ein time var utsalet på kyrkjelydshuset ope igjen, og køa vaks på nytt både av lokalbefolkning og tilreisande. Mellom kundane var også sentrale politikarar som Trygve Slagsvold Vedum fekk vi oss fortalt.
Køa var stor i Gatå heile søndag, der mange ville handle ferske bakevarer.
-Det har gått over all forventning. Vi har levert mykje meir enn det vi hadde forventa av dei seks sortane vi hadde å by fram. Og det har vore ein flott dag med mange trivelege kundar, sa Bortne då hellesylt.info stakk innom heilt på slutten av dagen.
Saman med andre hjelparar kunne ho by på seks sortar, Kanelbolle, Pistasjknute, Skulebolle, Nutella knute, Sjokolade cookie, og Red velvet cookie.
Alt gjekk unna, meir enn den kreative bakedama både hadde håpa og tenkt. Og at det blir fleire bakedagar med utsal på Hellesylt kunne ho love, men når det blir hadde ho ikkje bestemt seg for enno.