Bygdekvinnelaget inviterer til sommartreff
Sunnylven bygdekvinnelag arrangerer sommartreff på badestranda, Hellesylt laurdag 21. juni. Treffet er for vaksne og barn mellom klokka 12.00 og 14.00.
-Vi er der for å vere i lag mellom klokka 12.00 og 14.00. Bygdekvinnelaget inviterer til bålsteikte vaflar, ein kaffikopp eller saft. I tillegg legg vi til rette for ulike aktivitetar for små og store.
Ta deg ein pause frå andre gjeremål og inviter gjerne med deg nokon til dette uformelle arrangementet som er ope for alle.
Dette er ein del av NBK si satsing på friluftsliv og inkludering,
skriv styret i Sunnylven bygdekvinnelag i innbydinga.