Lokalnytt

Feirar Verdsarvstatus på Kulturbedehuset

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal kjem til Kulturbedehuset med musikk av spelemenn frå området.

Det er i år 20 år sidan området vårt fekk tildelt verdsarvstatus, og det vert feira gjennom heile året. På Hellesylt ynskjer vi å invitere til ein konsert der vi feirar verdsarvstatusen.

(Omtale tilsendt)

I kulturbedehuset på Hellesylt 22. juni blir den rike folkemusikktradisjonen og spelemennene i området vårt markert og heidra. Her blir Kjellstad-slåttar, det blir melodiar av Hjellbakk og her blir tonar av Skogly. Store namn som har sett djupe spor etter seg i musikklivet her inne i fjorden.

Dyktige musikarar til Kulturbedehuset

På scena i Kulturbedehuset står Britt Pernille Frøholm, som kjenner dette repertoaret betre enn dei fleste. Med seg har ho organist Gunnar Inge Eide på trøorgel, og konserten er eit samarbeid mellom Verdsarvstiftinga og Festspela i Geiranger. Konserten på Hellesylt er klokka 17.00.

Britt Pernille Frøholm er frå Hornindal og ein av våre fremste folkemusikarar og felespelarar. Ho har dei siste 20 åra blitt ein svært anerkjent musikar og pådrivar for internasjonale musikalske samarbeid i mange former og format. Ho har med sine mange kritikarroste album innan fleire sjangrar turnert store delar av verda, vunne prisar og stipend både lokalt og nasjonalt for sitt kunstnarskap.

Lærte slåttemusikk av bestefaren

Britt Pernille Frøholm fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i heimbygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre spelemenn som Arne M. Sølvberg og Finn Vabø. Frøholm har sidan 2008 gjeve ut ei rekkje plater.
I 2021 vart ho nominert til Spellemannsprisen for soloplata «Fokhaugen», ei innspeling med folkemusikk frå Hornindal og Sunnylven. Same året vann ho Folkelarmprisen for beste soloalbum for same plata.
Frøholm vart i 2015 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend og har hatt Statens Kunstnarstipend for 2016-18. I dag jobbar ho som distriktsmusikar på fele/hardingfele i Sunnfjord kommune.

Feirar 20 år med Verdsarvstatus

Vestnorsk fjordlandskap blei skrive inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005, og vi feirar dermed 20 år med verdsarvstaus i år. Området er skrive inn på grunnlag av to hovudkriterium: naturvenleiken og sjølve fjordlandskapet med det breie spekteret av landskapsformer knytt til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.
Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien av området. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av to delområde som ligg om lag 120 km frå kvarandre på Vestlandet: Geirangerfjorden med omland i nord og Nærøyfjorden med omland i sør.

Nytt arrangement på Herdalssætra

Gjennom jubileumsåret vil Verdsarvstiftinga gjennomføre arrangement i fleire bygder for å markere jubileet. Arrangementet på Hellesylt er eit av dei, og det neste vil vere på Herdalssætra i Norddal 13. juli, fortel Merete Løvoll Rønneberg.
På Hellesylt vil ho binde saman programmet med små tilbakeblikk frå 20 år med verdsarv, -kva vi har arbeidd med og kva moglegheiter som ligg i verdsarvstatusen, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Klokka 17.00 søndag 22. juni blir 20 år med Verdsarvstatus feira i Kulturbedehuset på Hellesylt. 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380