Lokalnytt

Heidra Verdsarven med konsert

Britt Pernille Frøholm under konsert i Kulturbedehuset på Hellesylt

Det er i år 20 år sidan Geirangerfjorden med omland fekk verdsarvstatus. For knapt ei veke sidan vart hendinga markert med konsert i Kulturbedehuset på Hellesylt.

Det var Britt Pernille Frøholm frå Hornindal som hadde konsert i Kulturbedehuset i høve at Verdsarven feirar 20 år . Med seg i fleire slåttar hadde ho Gunnar Inge Eide på trøorgel.
I Kulturbedehuset vart det ein svært så flott konsert med mykje musikk av dei lokale spelemennene, brørne Iver og Ola Kjellstad.
Ola var eldst av dei to og Iver lærte mykje spelekunst av bror sin.

Iver var den mest aktive spelemannen av dei to i åra han levde, les vi i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger. Ola dreiv mykje tungarbeid med jord og stein så fingrane var ikkje like leduge på felestrengane som Iver sine. Iver komponerte ikkje mange slåttar, den mest kjende er kan hende ein han kalla «Sumarnatt». Og han vart ikkje gamle karen, han døde berre 46 år gamal.

Ola var litt meir blygvoren enn Iver til å vise fram spelekunsten sin, står å lese om dei to Kjellstad-spelemennene. Han vart mykje eldre enn Iver, rundt 90 år. I si levetid laga han kring 50 slåttar som er registrert.

I Kulturbedehuset spela Britt Pernille Frøholm fleire slåttar av dei to. Ho avslutta konserten med slåtten «Gluggen» av Ola Kjellstad som han laga ved ein løeglugge under eit bryllaup på Framhus på Stranda.

Britt Pernille Frøholm og Gunnar Inge Eide i Kulturbedehuset.

Ola og Iver hadde god læremeister i ein annan spelemann, Per Kjellstad. Britt Pernille Frøholm hadde slåttar også av han under konserten i Kulturbedehuset, men dei friskaste tonane fekk eit 50 tals stort publikum av spelemennene Iver og Ola, og der ho hadde komp på fleire av Gunnar Inge Eide på trøorgelet.

Britt Pernille Frøholm er drivande dyktig på hardingfela si. Det klang godt i veggane i det gamle bedehuset når ho trødde takta og «svinga» felebogen over strengane. Det vart mykje og velfortent applaus under konserten, for slik kan berre ein meisterspelemann (kvinne) levere gamle gode slåttar.
Frøholm og Eide hadde også med ein nyare slått av Vidar Skogly under konserten i Kulturbedehuset på Hellesylt.

Ein flott konsert der Jan Ove Tryggestad aller fyrst var talsmann for 20-års jubilanten og Verdsarvområdet og fortalde om betydninga som det har.

Jan Ove Tryggestad fortalde om Verdsarvstatusen og betydninga den har for området.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380