På tur i nabofylket
I slutten av mai var Sunnylven Pensjonistlag på tur til nabofylket i sør. Over 50 kvinner og menn la i veg til Singerheimen i Olden, vidare til Byrkjelo, Sandane og med heimreise etter Panoramavegen.
Det vart både nye opplevingar og gode smakar for pensjonistane i Sunnylven pensjonistlag då dei la siste vårturen til nabofylket. 51 kvinner og menn deltok på bussturen med Sverre Jan Rønneberg som stødig sjåfør.
Nokre dagar etter at turen var over tok vi telefonen for å frette frå reisa av leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland. Og vi forstod snart at det hadde vore ein vellukka tur i godt ver. Slik fortalde ho frå turen, og med sine bilder;
Leiar Astrid Langeland kunne også by på gode bakevarer på turen.
-På tidleg føremiddag var det avreise frå Hellesylt med eit lite stopp i Stryn. Der i frå gjekk bussturen til Singerheimen i Olden med omvising og servering. I Singerheimen er plassen begrensa, så det store reisefølget vårt måtte delast i to, ei pulje fekk servering medan den andre vart omvist på staden. Deretter bytte dei to gruppene. Og her var ikkje berre maten god, her var det masse flotte bilder, og mykje anna å sjå.
Frå Singerheimen heldt reisa fram til Byrkjelo med stopp ved bakeriutsalet, ein stad der ein kunne velge mellom, heile 105 sortar bakevarer, vart det fortalt.
Triveleg tur og god stemning.
Etter ei tid der sessa vi oss i bussen igjen og drog frå Byrkjelo og Breim til Trivselsskogen på Sandane. Her var det ny servering med kaffi og kaker.
Då var vi på heimreise, ein veg som gjekk til Anda og Lote før bussturen held fram etter Panoramavegen til Stryn, Svarstadsvingane, Hornindal, og til slutt og etter ein lang dag var vi på Hellesylt igjen, ca. klokka 20.00.
Vi i styret for Sunnylven pensjonistlag har fått mange fine tilbakemeldingar frå turen som gjekk utan uhell av større slag, seier Astrid Langeland som legg inn eit godt ord for Singerheimen i Olden. Den er verd eit besøk, seier ho.
Stødig sjåfør på turen til Sunnylven pensjonistlag var Sverre Jan Rønneberg.
Dette var siste utflukt for Pensjonistlaget denne våren før sommaren. Laget skal ha ei samling ved Sunnylven omsorgssenter ved paviljongen i Trivselshagen på jonsokaftan, om veret tillet det då.
Sunnylven Pensjonistlag ønskjer alle god sommar og vel møtt til nye arrangement til hausten!