Serverte bålsteikte vaflar på badestranda
Det vart suksess for Sunnylven bygdekvinnelag og sommartreffet på badestranda laurdag. Mange kom og i løpet av to timar delte laget ut rundt hundre vaflar.
Veret var upåklageleg godt då Bygdekvinnelaget inviterte til sommartreff på badestranda på Hellesylt laurdag. Og godt var det alt som damene i styret serverte til publikum i alle aldrar.
Under den to timar lange samlinga vart det servert rundt hundre vaflar, steikte i spesielle jarn på vedfyring i ei bålpanne.
Om det var vaffelrøra eller steikemåten som førte til den gode smaken veit ikkje vi, men gode var dei.
Over ei anna bålpanne vart det steikt pinnebrød, også det velsmakande etter det vi forstod. I tillegg vart det servert kaffi og saft, også det heilt gratis.
Sunnylven bygdekvinnelag hadde tre vaffeljarn i bruk på laurdag, eitt eigde laget sjølve, dei to andre hadde dei lånt denne gongen.
Dette var fyrste utetreffet til laget i år, men i august blir det ei lignande samling, fekk vi oss fortalt.
Leiar i bygdekvinnelaget, Gunhild Kvam t.v. og styremedlem Lisbeth Lervik ved bålpanne og vaffeljarna ser til at Kari får steikt vafla si.