Skuleavslutning i Sunnylven
Desse 12 var avgangselevar ved Sunnylven skule.
Framme frå venstre:
Isabella, Ingeborg, Sina Helen, Marta, Siv Anita, Olivia.
Bak frå venstre:
Sune, Kristen, Sander, lærar Reidun Remme Habostad, Oskar, Ari , Dean.
Ved Sunnylven skule var det avslutning på skuleåret torsdag 19. juni. Ei flott samkome med mykje godt program av fleire klasser, og med servering etterpå.
Denne gongen var avgangsklassa ved Sunnylven skule ei av dei største på mange år. Heile seks jenter og seks gutar, 12 til saman fekk utdelt sine vitnemål av rektor Torje Bjørneset og lærar Reidun Remme Habostad.
Det vart mange gode og rosande ord til dei tolv frå rektor Bjørneset før han og klasselærar delte ut vitnemåla. Og som siste helsing til ein fullsett sal fortalde elevane livfullt om læringstida ved skulen, og ikkje minst frå klassetur til Trondheim som var avslutningsreisa etter ti år på Sunnylven skule.