Lokalnytt

Snart Hellesyltdagar

-Bli med på folkefesten, skriv arrangør Hellesylt næringslag i messeavisa for Hellesyltdagar 2025. Frå fredag 4. til søndag 6. juli blir den store sommarfesten arrangert på Hellesylt.

Ei rikhaldig messeavis blir i desse dagar sendt ut til store deler av Sunnmøre og Nordfjord. Heile 30.000 eksemblar er trykt opp av messeavisa med 24 tettskrivne sider.
Der kan ein lese om alt som skjer på Hellesyltdagane frå fredag 4. til søndag 6. juli. Og det startar faktisk alt torsdag 3. juli med bootcamp, ein uthaldingsøving på badestranda.
Dagen etter er det musikk og full fart med DJ Mounir i sirkusteltet, etter at Christel Alsos og musikarar har halde den tradisjonelle konsert i Sunnylven kyrkje fredag frå klokka 20.00.

På laurdag 5. juli er det tradisjonelle programmet for Hellesyltdagane i gong med sal av lodd til Andesleppet i Hellesyltfossen, det blir offisiell opning av «dagane» ved ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang klokka 12.00, og deretter er det variert program på utescena i fleire timar.

I år blir det ny gatevandring, eit innslag som var svært populært då det stod på programmet for nokre år tilbake. I år startar Arne Ringdal på nytt på kaia. Og på Hellesylt stadion går Hellesyltløpet, i år for 38. gong, og arrangør Sunnylven IL forventar stor påmelding.
Som tidlegare blir det sal av grillmat ved Sunnylven IL, skulekorpset har tombola, det blir helikopterflyging, og Gamleskulen opnar dører med sal av kaffi, kaker og tombola.
Til slutt på laurdag blir det fest i sirkusteltet for underhaldning og dans av Gran Prix kvartett og The Feelgood Orchestra.

Mykje også på søndag.

Søndag er siste dag av Hellesyltdagane, men programmet er minst like tettpakka då som dagen før.
På Høgreiten blir det gudsteneste ved prest Ann Kristin Langeland, og etterpå er dagen i gong i sentrum igjen. Det blir natursti, hoppeslott, ballongmannen Torkel held fram med ballongar til born, det blir sal av sukkerspinn og popcorn, og sal av lodd for andesleppet i Hellesyltfossen.
Frå klokka 12.00 blir det meir sal av grillmat av fotballgruppa, Sunnylven skyttarlag sel hjortegryte, og det blir hesteridning for born.
Så kjem programmet i gong frå utescena klokka 13.00, også denne dagen med variert innhald.
Og gamleskulen har ope med sal av kaffi, kaker og tombola, før det blir konsert i Kulturbedehuset med Tone Oline Knivsflå og Helge Lilletvedt. Konserten startar klokka 15.00.

Som avslutning på Hellesyltdagane 2025 blir det program frå utescena, og klokka 16.40 etter at ferja har lagt frå kai smell skotet for «det store andesleppet» i Hellesyltfossen.

Ta turen til vakre Hellesylt og bli med på folkefesten frå torsdag 3. til søndag 6. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380