Lokalnytt

Vellukka Storfjordstemne på Skageflå

Årets sommarstemne i Storfjordens Venner vart halde på fjellgarden Skageflå i Geirangerfjorden.

Årets Storfjordstemne vart halde på Skageflå søndag 8. juni. Eit vellukka arrangement i bra ver og med rundt 250 frammøtte.

Tekst/foto: Inge Bjørdal / Merete Løvoll Rønneberg.

Stemnestad for årets Storfjordstemne var på Skageflå i Geirangerfjorden, ein fråflytta fjellgard det er litt krevjande å kome til. Staden ligg høgt, 250 meter over fjorden med ein smal og bratt sti opp til garden.  Like fullt kom der mellom to og trehundre i eit brukbart sommarver.
I år er det femti år sidan Storfjordens Venner vart skipa, men på Skageflå har ikkje stemnet vore halde før. Det var planlagt her i 2013, men vart avlyst grunna snø 6 juni. Eit nytt forsøk vart gjort veka etterpå, men grunna dårleg vêr måtte ein til slutt gjennomføre stemnet på Fjordsenteret i Geiranger.

Simen Bjørgen var årets stemnetalar under Storfjordstemnet.

Av innlegga i år var det stor interesse for kva direktøren for Kulturminnefondet Simen Bjørgen ville framføre. Han hadde kalla innlegget sitt «Kulturarven som ressurs i samfunnsutviklinga».

Leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal hadde festa seg ved refleksjonane H.M. Dronning Sonja hadde gjort seg frå alle turane ho har hatt i den norske fjellheimen, og spesielt i frå Sunnmøre. Han siterte henne fleire gongar frå intervjuet med Oddgeir Bruaset  i programmet Fjelldronninga som er vist fleire gongar på NRK.

Av andre innslag fekk publikum høyre vakre tonar og velvalde songar av Oddbjørg Solhaug.

Jan Ottar Møll t.h. fortalde om garden og historia, og viste stemnefolket rundt i husa på Skageflå. Til venstre leiar Inge Bjørdal.

Representanten for grunneigarane, Jan Ottar Møll, heldt ei interessant orientering om historia og ulike tiltak som er utført på denne garden gjennom tidene der han la stor vekt på kva betydning Storfjordens Venner har spela i den samanheng.
Både arrangøren og publikum fekk ei svært fin mottaking av vertskapet. Dei som ønskte det fekk også omvising inne i husa på Skageflå, og Storfjordens Venner takkar for den store velviljen.
Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang hadde også helsing til dei frammøtte der han m.a. la vekt på den store betydinga frivilligsektor Storfjordens Venner representerer og kva verdiar denne innsatsen tilfører lokalsamfunna.

Asgeir Kvernberg orienterte om arbeidet i organisasjonen og prosjekt som står føre.

Det var Asgeir Kvernberg som denne gongen orienterte om utførte prosjekt i 2024 og planlagde prosjekt i 2025. Han utfylte også med detaljerte kunnskapar om arbeidet Storfjordens Venner har utført på Skageflå.

Tradisjonen tru var Storfjordfanfaren framført av Trond Otto Berg ved opninga av stemnet.

Stranda Røde Kors Hjelpekors møtte med seks personar og sikra tryggleiken til dei frammøte, men vart heldigvis gjerandslause.

Alt i alt eit vellukka stemne etter dei tilbakemeldingane vi har fått, trass i ein svært krevjande logistikk og litt usikre vêrprognosar på førehand, konkluderer leiar Inge Bjørdal.

Det vart også servert mykje god mat på årets Storfjordstemne på Skageflå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380