Vinnarar: Framme frå venstre: Kristen, Elias, Kai-Adam.
Bak: Ari, Sander,Oskar, trenar Eivind Louis, Trym, Jakob, Fredrik.
Foto: Gunnar.
Sunnylven G16 vann 3-2 over Sunndal måndag etter ei spanande avslutning. Måla vart skåra av Oskar og Sander med to.
Vår mann på kamp/Eivind
Sunnylven G16 møtte Sunndal i sin andre kamp i Norway cup. I denne kampen var Sunnylven meir heldige med transport enn dagen før og kom seg fram i godt tid, til same bane som dagen før.
-Kampen kom godt i gong for dei raude og blå, mellom anna vart det fleire hjørnespark. Etter mange lave slo Trym ein litt høgare, og der flaug Oskar over alle og stanga 1-0 i mål. Ei rettferdige og deilig leiing, skriv vår referent, og held fram;
-Vi fortsette å skape sjansar og etter høgt press frå Ari, Kai-Adam og Sander fekk sistnemnde ballen og lobba inn
2-0. Det var også pauseresultatet.
Sunnylven heldt fram med go`spelet etter pause, og snart stod det 3-0. Også det målet donka Sander i mål.
Etter det vart vi kanskje litt komfortable med resultatet. Vi slapp Sunndal inn i kampen og dei reduserte to gonger.
Men fleire mål vart det ikkje, Sunnylven heldt på leiing 3-2 kampen ut. Dermed fyrste siger i Norway cup og tre poeng til laget.
