21. januar 2026

Godt laksefiske i Korsbrekkeelva

Jonas Strand har fått den største laksen i Korsbrekkeelva så langt i år, 10.5 kg. (Arkivfoto)

I Korsbrekkeelva har laksefisket vore bra i år. Fisket har foregått frå sjøen og opp til Stadheim frå 1. juni og held fram til 31. august.

Det nærmar seg eit normalår når det gjeld laksefisket i Korsbrekkeelva. Det fortel leiar i elveeigarlaget Jørn Stadheim. Totalt så langt er det landa 299 kilo fisk, eller 96 laks med gjennomsnittvekt på 3.2 kilo.
Den største laksen så langt er på 10.5 kilo, fiska av Jonas Strand.

I fjor var fiske i Korsbrekkeelva stengt i fleire veker, men i år har laksefiskarane fått prøve fiskelukka kvar dag sidan 1. juni. Og fisket vil halde fram, også i strekninga med laksetrapper ut august månad, fortel leiaren i elveeigarlaget. Fisket foregår frå klokka 04.00 til klokka 23.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →