På torsdag 17. juli er det innslag frå Hellesylt på NRK reiseradion.
I morgen torsdag 17. juli blir det innslag frå Hellesylt på reiseradion i NRK. Innslaga kjem mellom klokka 09.00 og 11.00.
Reiseradion er på rundreise i sommarvarme Norge og torsdag er det stopp med intervju av reisande og fastbuande på Hellesylt. I sommarglade Hellesylt er Caroline Bekkelund Hauge og ho vil rapportere om både badetemperaturar på badestranda, og intervjue personar ho møter. Intervjuobjekta kan vere mange i det yrande turistlivet som Hellesylt viser fram i desse dagar.
Caroline kjem på lufta tidleg, litt etter klokka 09.00, og så blir det to nye rapportar litt seinare dei neste to timane, har vi fått oss fortalt.
Så ta gjerne turen til Hellesylt om du har ei fin historie å rapportere om frå turiststaden til resten av landet. Kanskje kjem du på reiseradion.
