
Tone Oline Knivsflå imponerte alle i Kulturbedehuset med vakker song søndag. Med tonefølge av Helge Lilletvedt vart det ei stor stund for rundt førti frammøtte.
Det vart ein time verd billetten som publikum fekk oppleve i Kulturbedehuset søndag. Her var det ein times konsert med Tone Oline Knivsflå og Helge Lilletvedt på piano på siste dag av Hellesyltdagane, og dei imponerte stort. Og songrøysta til artisten med slektsrøter frå Geiranger var berre fantastisk.
Etter opning med høge og vakre tonar fekk publikum bli litt meir kjent med artisten med den vakre songstemma. Ho las eit kort dikt før det vart ord og tonar frå Erik Bye sin songskatt,
Og det kom fleire gullkorn frå artisten, noko publikum takka for med felfortent applaus,. Det var songar formidla med inspirasjon, glede og smil.
Etter tre songar på engelsk kom ein svensk song, -Jag ventar ved min mila. Vakkert, vakkert og med flott tonefølge frå pianist Helge Lilletvedt som gjorde opplevinga fullkoma.
Etter fleire songar avslutta Tone Oline Knivsflå timen og den gilde konserten med Gabriellas song, eit herleg minne frå ein konsert med ei meisterleg songdame.
Vi møtte folk etter konserten i Kulturbedehuset søndag. Den fekk strålande kommentar frå alle, -det var av det største som var blitt framført i bedehuset nokon gong, fekk vi oss fortalt. Det kan også underteikna slutte seg til.