Sunnylven J16 vann 5-2 over Stryn i opningskampen i Norway cup søndag. Den store sigeren gjer at dei toppar tabellen.
Bilde/tekst tilsendt
Sunnylven J16 møtte Stryn i opningskamp i Norway cup søndag. Den enda med siger 5-2 til Sunnylven og stor jubel frå eit gutelag frå same klubb som fylgde med på kampen.
Fyrste omgang vart mållaus og laga gjekk til pause på 0-0.
Andre omgang vart derimot målrik. Tora Rusten donka inn det fyrste målet litt ut i omgangen, Kort tid etter vart det 2-0 til Sunnylven ved Olivia Frøysa Hånes.
Men Stryn gav ikkje opp og ønska å stoppe overtaket til dei raude og blå. Dei reduserte til 2-1, og like etter utlikna dei til 2-2.
Etter det vippa kampen ei stund før Sunnylven heldt fram med å donke ballen i nota bak Stryne-burvaktar.
Tora sette inn sitt andre for dagen, og like etter la Ingeborg Fivelstad Stadheim på til 4-2.
Til slutt vart det så 5-2 og igjen var det Tora som ordna nettsusen for Sunnylven.
Dermed vart det siger og tre poeng til jentelaget til Sunnylven i sin fyrste kamp i Norway cup.
Laget er:
Siv-Anita, Erle, Ingeborg, Marta, Tuva, Julie, Siril, Ane, Tora, Olivias og Sina.
