8. november 2025

Konsert i Lensmannsstova

Tysdag blir det sommarkonsertar i Lensmannsstova med Gunhild Sindre, Askjell Molvær, Anne Berit Skrivervik og Synnøve Hjellbakk Hole.

Tysdag 29. juli blir det konsert i Lensmannsstova på Lillebø. Den dagen blir det to konsertar, klokka 17.00 og klokka 20.00.

Det er Anne Berit Skrivervik, Askjell Molvær, og truleg Gunhild Sindre saman med husvert Synnøve Hjellbakk Hole som står for det musikalske i Lensmannsstova tysdag 29. juli.
Der blir det to konsertar, ein klokka 17.00, og den andre klokka 20.00.

På desse arrangementa brukar det også å vere sal av gode sveler og kaffi, så ta turen til Lensmannsstova denne dagen og opplev i tillegg til velsmakande servering også vakker song og musikk på orgel og fele.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →