Mange på gudsteneste på Høgreiten

Kyrkjeplassen var nyslått og benkar var på plass då Hellesyltdagane kalla inn til gudsteneste på Høgreiten søndag 6. juli.
Prest Ann Kristin Langeland ønska vel møtt til ei stor forsamling kyrkjegåarar på Høgreiten søndag. Og veret var svært så bra med både sol og varme. Ho takka mellom anna bror Knut Dag til slutt for velslått og rydding kyrkjeplass.
På Høgreiten vart det mykje song med tonefølge frå Gunnar Inge Eide på trøorgel. Og her fekk vi også høyre Kristin Storstein i vakker song nok ein gong.
-Vi er på Høgreiten det som vi kallar verdas finaste katedral, sa soknepresten innleiingsvis. Og ho heldt fram;
-Og bygda ligg der fin, og Hellesyltfossen syng sin eigen salme. Med rundt 600 fastbuande blir mykje gjort på dugnad på Hellesylt under desse dagane, og vi ser kva ein får til når ein skapar noko i lag, sa Ann Kristin.
Ho kom også inn på evangeliet og på styrken til kvar når ein hjelper kvarandre. Og ho hadde eit ønskje, ho ville gjerne sjå fleire i kyrkja under gudstenester, -lysa er fleire enn talet på folk, sa ho.
-Vi er alle kalla til å vere arbeidarar for guds rike. Og tek alle ansvar går det bra og det blir også fine Hellesyltdagar, og då blir det liv i kyrkja vår.
Kjære alle saman, takk for at du kom til kyrkja i dag. Lat vi ha tru på det vesle, det kan bli stort for fellesskapen, avslutta Ann Kristin Langeland.
Samlinga på Høgreiten er årviss under Hellesyltdagane og vart som tidlegare avslutta med kyrkjekaffi og noko å bite i.