Rekordstort andeslepp
Mange venta spent på Hellesylt bro på si vinnarand under Det store Andesleppet som avslutta Hellesyltdagane.
Mykje over 2000 gule plastender vart tippa ut for Høge bru under andesleppet søndag. Det var siste post under Hellesyltdagane 2025.
Eit stort folkehav samla seg på Hellesylt bro søndag ettermiddag. Dei ville sjå Det store Andesleppet, siste post under Hellesyltdagane, og mange håpa sjølvsagt at nettopp dei skulle vinne ein eller helst den store pengepremien. Andesleppet hadde i år sju gevinstar på 1000,- kroner og ein på 3000.- , ein på 5000.- , ein på 7000.-, og hovedgevinsten på 10.000.- kroner, til saman 32.000.- kroner i premie.
Nokre reiste heim frå Hellesyltdagane med anten ein liten eller stor premie, dei andre fekk berre oppleve eit flott andeslepp, godt arrangert i fint sommarver.
Her er vinnarane;
Gevinst 1000.- kroner:
Irene Lindset, Konrad R. Åsen, Maria Langeland, Maren Lykke, Vinsent Styrk, Roger Liavåg og Olav Lade.
Gevinst 3000.- kroner:
Oddfrid Hole.
Gevinst 5000.- kroner:
Kristian Bjørneseth.
Gevinst 7000.- kroner:
Toril Sandvik.
Gevinst 10.000.- kroner:
Norleif Høydal.