16. desember 2025

Sommarkonsert i Lensmannsstova

Aktørar under Sommarkonserten i Lensmannsstova. Frå venstre: Synnøve Hjellbakk Hole, Anne Berit Skrivervik, Askjell Molvær og Gunhild Sindre.

Mange kom til sommarkonserten i Lensmannsstova på Lillebø tysdag. I stova i gamlehuset var det to fullsette forestillingane denne dagen.

Sommarkonserten i Lensmannsstova på Lillebø hadde topp gode artistar både i song og fleire instrument. Her fekk eit talrikt publikum møte songaren Anne Berit Skrivervik, Askjell Molvær på det gamle trøorgelet og dei to tidlegare musikarane i Honndalstausene, Gunhild Sindre og Synnøve Hjellbakk Hole på fele.

Det vart ein god kveldstime med mykje flott song og musikk. Anne Berit Skrivervik og Askjell Molvær opna det heile med vakre «På solen jeg ser» og deretter heldt dei to fram med den gamle visa «Å reven lå under birkerot». Begge innslaga hausta stor applaus frå publikum.

Skrivervik framførte fleire songar, også av Edvart Grieg, og den som imponerte mest var songen «Ved Rondane». Då ville applausen nesten ikkje stoppe, det var vakkert framført.

Anne Berit Skrivervik imponerte med fleire songar under konserten

Musikarar under Sommarkonserten var frå venstre Askjell Molvær, Synnøve Hjellbakk Hole og Gunhild Sindre

Dei to felejentene imponerte også med feiande flotte tonar. Begge hadde vore medlemer i Honndalstausene, den flotte samlinga av unge jenter i Hornindal som alle spela fele.
Gunhild Sindre fortalde at fela hadde vore hennar instrument heilt frå ho var 11 år, då var ho med på kappleik og gjorde det godt.
Under konserten i Lensmannsstova fekk det talrike publikumet høyre fleire slåttar, mellom anna musikk som dei spela i sine -unge- dagar.

Det vart nok ein fin konsertkveld på Lillebø. Dette er samlingar vi håper huseigar og vertskapet vil halde fram med, viktige og trivelege kveldar noko også publikumsframmøtet viste.
Konserten vart avslutta med Gonglåt frå Sverige.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →