Trygve Slagsvold Vedum til høgre saman med fyrstekandidat frå M & R Geir Inge Lien.
Alle foto: Karl Kristian
SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum er på rundreise på nordvest-landet. Måndag kveld var han på privat besøk i Sunnylven i lag med fleire partikollegaer.
Måndag 28 juli var ein av fleire turar til Sunnylven for Trygve Slagsvold Vedum. Truleg har Vedum besøkt staden tre gonger det siste året, mellom anna same dag som hydrogenfabrikken opna, og under eitt besøk tidlegare i sommar der han fekk kjøpe seg bollar i det nye bakeriet i kyrkjelydshuset. No hadde han stopp på ei rundreise. Han kalla seg Hellesylt-ambassadør.
-Området her er eit levande lokalsamfunn, noko vi i Senterpartiet brenn for, sa han og fortalde om mellom anna ei hjartesak partiet har kjempa igjennom i mindre kommunar. No får personar som flytter til slike litt mindre kommunar 25.000.- kroner i stønad, og er dei to blir det 50.000.- kroner.
Dette var ei sak som Senterpartiet brann for og har fått igjennom som ei varig ordning, sa han.
-Vi vil utvikle heile Norge, også utanfor Oslo. Eit eksempel er gratis ferjer som er blitt innført. No har vi 70 samband som er gratis, 50 har halverte takstar og resten skal kome etter kvart.
Halv pris har vi også fått på fleire flyruter, mellom anna i Volda. Då vil det bli lettare å kome hit, for her er det veldig hyggeleg å vere, sa Trygve Slagsvold Vedum.

Mykje politikk kring stovebordet
Det vart mykje politikk kring langbordet på Øvsthaugen måndag kveld. Der var samla fleire partifeller av SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum som var på rundreis i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Etter velsmakande servering av hjortegryte kom den politiske praten i gong, både av lokale saker og meir nasjonalt innhald. Til stades var tidlegare ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad som fortalde om kommunen og tok fram aktuelle saker. Mykje var bra i Stranda, men fleire ting kunne det også rettast på meinte han. Mange bedrifter gjekk svært så godt og hadde mange tilsette. Der var fleire arbeidsplassar i kommunen enn folk så mykje av arbeidsstokken kom frå andre kommunar.
Tryggestad tok også fram Sunnylven, eit bygdelag i Stranda med ca. 600 innbyggjarar. Her var Ole Ringdal AS den desidert største arbeidsplassen med 70 tilsette og med rundt 90 i slaktetida om hausten.
Stranda er ei stor turistkommune med Geiranger som det store og rundt 900 000 besøkande kvart år. Ein turistskatt på til dømes ein euro ville gjeve kommunen store inntekter, meinte Jan Ove Tryggestad.
Og han hadde sett mykje «villcamping», til dømes i Norangsdalen. Det var ei sak han meinte måtte gjerast noko med.
Det vart ein liten time med fleire kommentar rund bordet på Øvsthaugen, også om skatt og formuesskatt og der partileiar Vedum for det meste berre lytta til kommentar som kom fram.
Dagen etter skulle SP-leiaren reise vidare nordover i fylket.

