Artist Christel Alsos og musikar Andreas Vold Løwe.
Konserten med Christel Alsos i Sunnylven kyrkje vart ei vakker og inderleg oppleving. I vel ein time hadde ho eit lyttande og applauderande publikum si fulle merksemd.
Av Lars Fivelstad
Konferansier Geir Frøysa introduserte artisten med å sitere frå superlativa som er sagt om Christel Alsos. – Ho er kjend for sin unike vokal og evne til å formidle djup følelse i kvar tone og ho har ei unik stemme, sa Frøysa mellom anna.
Christel Alsos imponerte stort med sin konsert i Sunnylven kyrkje
Og allereie opningsnummeret, Brian Adams sin «Everything I do I do it for you» viste at desse superlativa ikkje var overdrivne. Pianisten Andreas Vold Løwe avrunda songen med ein flott improvisasjon, ein av fleire denne kvelden.
Christel Alsos batt saman dei mange musikkperlene med små forteljingar frå livet sitt, både i medgang og motgang, for som ho sjølv har sagt: – Kvar låt eg skriv eller tolkar, har vore eit forsøk på å oppdage, og forstå sider av meg sjølv og dei eg har rundt meg.
Ho song og coverlåtar som har betydd mykje i livet hennar.
Møtte gruppa Kent
På Quartfestivalen i Kristiansand blei ho kjend med den svenske gruppa Kent, og på konserten song ho «Kärleken ventar» med refreng på norsk, så følgde mellom anna «Everybody hurts», før vi fekk ei verdspremiere, hennar eigen komposisjon: «Eg skal følge med».
Applausen etter konserten ville ikkje ta ende, og Alsos song to ekstranummer, «Come back to me» og «Her e æ» til eit begeistra publikum.
– Ho har svart ut alle superlativa gjennom denne konserten, konkluderte Geir Frøysa.
Konfransier Geir Frøysa leia den flotte konserten og overrekte gåva frå arrangøren til artisten, eit skinn inngravert med namn.
Tradisjonell gåve
Christel Alsos var imponert over vakre Hellesylt, og all hjelp dei hadde fått opp mot konserten. Ho var og glad og takksam for kor flott publikum hadde teke imot konserten.
Som tradisjonen har blitt, fekk ei overraska Alsos eit vakkert og inngravert skinn, tilberedt på Bonsaksen-garden i gåve.