Det har gått snart ei veke sidan Hellesyltdagane vart arrangert. Minna er mange og gode sjølv om vi fekk oppleve berre den eine dagen.
Ei veke etter at vinnarane av andesleppet i Hellesyltfossen fekk sine premiar og programvert Jan Ove Tryggestad takka alle for frammøtet ser vi tilbake på litt av det vi fekk oppleve den siste dagen.
For søndag 6. juli på sein ettermiddag var årets store sommarhelg på Hellesylt over. Då hadde tusenvis av unge og eldre vore med og fargelagt Hellesylt sentrum i sol og gode sommartemperaturar.
Det vil seg alltid slik når Sommardagar på Hellesylt blir arrangert, då kjem også godveret.
Rykta fortalde om to tidlegare, flotte dagar, mellom anna at dansen i det store sirkusteltet på laurdagkveld hadde samla 400? presonar. Det var nok arrangøren godt nøgd med.
Vi fekk oppleve berre den siste dagen av festen innerst i Sunnylvsfjorden, men du verden kor mykje bra vi fekk med oss likevel.
Etter heimreisa frå 35 – 40 varme grader i Spania, vart det berre ein dag av folkefesten og vi kunne slå fast at borte bra, men heime best.
På søndag tok vi fyrst turen til Høgreiten og gudstenesta der, ei gla`stund med allsong og preike av prest Ann Kristin Langeland.
Og så bar det rett til sentrum og til eit godt og variert program frå utescena. Her fekk vi møte «Fossedur» med tilreisande vokalistar i ein flott og variert konsert.
Der var også meir song og musikk seinare av Lars Helge og Knut Hanssen, og på scena kom også den store, gode brannmannen, eit ikon som sjarmerte både barn og voksne. Men fyrst fekk alle sjå unge dansarar frå Ungdomslaget vise spreke dansetrinn til livat musikk.
Etter ei tid ved utescena tok vi turen til Kulturbedehuset for å høyre Tone Oline Knivsflå og Helge Lilletvedt i song og musikk. Ein utruleg flott time av dei to mellom 40 andre som applauderte viljug.
Og litt nedanfor var det innsteg på Gamleskulen med kaffi og kake, godt prat og omvising for dei frammøtte.
Det lakka mot slutten på siste dag av sommarfesten på Hellesylt og det var klart for Det store andesleppet i Hellesyltfossen. Over 2000 gule plastikkender skulle tippast ut for Høge bru, og etter endt reise ned fossen kunne elleve vinnarar ta med heim store pengepremiar, til saman 32.000.- kroner.
Det gjekk godt med andesleppet også denne gongen, og tradisjonen tru plukka sokneprest og næringssjef opp vinnarane like nedanfor Hellesylt bro og alle fekk sine premiar utdelt frå utescena.
Men før premieringa kom leiar for komiteen for Hellesyltdagane Stig Tryggestad på scena og takka mange. Det hadde vore eit arrangement i overkant av det komiteen hadde håpa på, kanskje det beste og mest besøkte nokon gong, sa han.
I tillegg delte Tryggestad ut store pengegåver frå Sparebanken Møre til fleire lag og organisasjonar i Sunnylven, til saman rundt 800.000.- kroner.
Då var Hellesyltdagane 2025 slutt. Litt skuffa var nok mange over at ein flott sommarfest var over, men fleire gleda seg nok også til nye Hellesyltdagar. Dei kjem igjen fyrste helga i juli 2026.
