Ein litt slagen gjeng etter fyrste kamp, men dei er på gang. Kanskje blir det siger i neste kamp for Sunnylven G16.
Sunnylven stiller to lag i Norway cup 2025, eit G 16-lag og eit lag i J16.
Sunnylven G16 opna Norway Cup søndag med kamp mot Falkeid.
Det vart eit jamt oppgjør som laget til slutt tapte 3-2.
Her er referat frå kampen;
-Opningskampen gjekk mot Falkeid på Abildsø:
Det vart dårleg oppladning då vi kom seint til kampstart berre nokre minutt før avspart grunna full buss.
Vi låg under 2-0 etter kort tid, men Oskar reduserte til 1-2 før pause.
I andre omgang utlikna vi så til 2-2 (Oskar) noko som gav håp om poeng. Og på slutten vart vi veldig offensive for å prøve å få vinnarmålet, men det førte til at Falkeid greidde å «pirke» inn sigersmålet heilt på slutten.
Det blei altså tap 3-2 i fyrste kamp, eit oppgjør vi hadde fortent uavgjort etter spel og sjansar. Men vi er i gong!
Sunnylven G16 har dette mannskapet i Norway cup der dei spelar med 7ar-lag:
Elias Skjortnes Røyrhus, Fredrik Fivelstad Stadheim, Kai-Adam Røyrhus, Jakob Frøysa Hånes, Ari Kjellstadli, Sander Sjåstad Hole, Oskar Ringdal, Kristen Ringdal, Trym Helset.
Trenar for laget er Eivind Louis Helset.
