Det vart tap 5-6 for Sunnylven G16 mot Farsund i 1/16 finalen i Norway cup onsdag.
Rapportane frå kampen fortel at Sunnylven kom litt dårleg i gong og låg under 2-5 ved pause. Men i andre omgang vart det meir fart i laget, ein omgang dei vann 3-1.
Laget har gjort mange fantastiske kampar mot gode lag, ei turnering dei har all grunn til å vere stolte av.
Tap også for jentelaget
Også Sunnylven sitt jentelag tapte kampen onsdag . Resultatet vart 4-3, berre eitt mål altså.
Vi manglar målskorarar, men kjem med meir frå kampane seinare.
