Sunnylven J15/16 spela måndag uavgjort 1-1 mot Lamberseter/Østensjø. Målet til Sunnylven vart sett inn av Siril.
Det vart ein tett kamp mellom jentelaga til Sunnylven og Lamberseter/Østensjø. Oslo-laget var ivrige i presset i starten så Sunnylven hadde ei stund full hyre med å forsvare seg.
Ut over i fyrste omgang kom Sunnylven meir med og fyrste omgang gjekk til pause på 0-0.
I andre omgang var Sunnylven tilbake slik dei spela mot Stryn med meir samla press og dei kom til store skåringssjansar.
Men det var bortelaget som scora fyrst og plasserte ballen bak Siv-Anita.
Ut over i kampen var det til slutt Siril som ordna poengdeling og mål til Sunnylven. Og 1-1 blei ståande kampen ut.
I morgen ventar siste kamp i gruppespelet. Den går klokka 11.00 mot Sædalen IF/Fana.
Då må kanskje Sunnylven greie seg utan Ingeborg som blei skada midtvegs i andre omgang. Ho pådrog seg ein strekkskade, men skadeomfanget er ikkje heilt klart enno.