Sunnylven 15/16 kunne juble for nok ein siger i Norway cup tysdag. Dei er i A-sluttspelet.
Tekst/foto: Eivind Louis
Sunnylven jenter spela ein god kamp og vann 5-2 over Sædalen IL/Fana tysdag. Dermed er dei i A-sluttspelet i Norway cup.
Med siger i kampen mot Sædalen IL/Fana ville jentene frå Sunnylven bli minst nummer to i gruppa og vere i A-sluttspelet. Og slik gjekk det.
Det var Bergens-laget som kom best i gong og tok leiinga, men Sunnylven utlikna før pause og dermed 1-1 til kvilen.
I andre omgang var Sunnylven meir på og etter eit flott angrep kom Tora åleine mot burvaktaren, runda henne og sette ballen i mål.
Sædalen IL/Fana utlikna kort tid etter til 2-2, men Sunnylven ville vinne kampen og kjempa vidare. Siv-Anita spela langt ut og Siril åleine med målvakta ordna 3-2.
Dei to neste måla ordna Erle med to frispark, eitt frå midten og eitt frå ca. 15 meter gjekk direkte i mål. Då vart det full jubel frå supporterar og resten av laget. Ropa var taktfaste, Sunnylven, Sunnylven, Sunnylven…..
Med siger 5-2 møter Sunnylven Honningsvåg eller Jølster i fyrste A-sluttspelkamp. Det blir avgjort klokka 19.00 i kveld då desse to laga møtes.
Ingeborg spela ikkje denne kampen grunna skaden ho fekk dagen før. Kanskje er ho klar igjen til neste kamp.
