18. november 2025

Vil starte vøling av Hellesylt Bygdetun

Det blir dugnad i Hellesylt bygdetun onsdag 9. juli. Det skriv styreleiar Gunhild Kvam i e-post til hellesylt.info. Ho håper mange kjem på dugnad.

-Vi ønsker å få i gang att arbeid med å ta vare på stova frå 1815 og dei andre husa i bygdetunet, og inviterer til dugnad rundt huset førstkomande onsdag kl 18.00. Vi treng å få rydda både gras og greiner, renningar på marka og sti frå brannsasjon til bygdetunet. Folk må ta med  redskap sjølv, og det vil bli kaffe og vaffelservering.

Det vil etter kvart bli teke opp att arbeid med  søknad om midlar til å vøle gamlestova, og etter kvart også arrangement i Bygdetunet. Vi håpar vi får rydda opp rundt husa, slik at det kan bli tilgjengleg for alle.

Dette skriv Gunhild Kvam i e-post til hellesylt.info. Møt fram og ta eit tak i vedlikehald av kulturplassen i Hellesylt bygdetun.

Styre i Hellesylt bygdetun består av:

Leiar: Gunhild Kvam

Nestleiar: Jan Ove Tryggestad

Sekretær: Jarle Hole

Styremedlem: Elfrid Skrede

Styremedlem: Marit Ljøen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →