Fjellgården Øvre Ljøen Amfi feira 10 år med Datarock på scena laurdag. Eit jubileum med trøkk og høgt lydnivå.
Bergensbandet Datarock besøkte Fjellgården Øvre Ljøen Amfi då anlegget for publikum og servering feira 10 års-jubileum på laurdag. Mange kom og bandet leverte så det klang i fjellknausane rundt på Ljøen. Det vart eit jubileum med mykje trøkk, og eit publikum av damer og menn i alle aldrar i godt humør og som dansa til musikken.
For det tilreisande bandet leverte frå utescena på Øvre Ljøen. Nesten i meste laget for eldre personar med god hørsel. Kva teksta var på dei mange sangane vart likevel ikkje oppfatta, men rytme og speleglede, det viste dei fire karane som utfalda seg på scena.
-Det er fantastisk å vere her på Ljøen. Vi har vore i 36 land, men aldri sett og opplevd noko vakrare enn her på Ljøen, sa solisten i bandet.
Og han heldt fram med å engasjere publikum;
-Har de hatt ein fin ommar, spurde han. Svaret var eit eintydig og klart JA!
På Hellesylt hadde i alle høve bandet hatt ein fantastisk dag i lag med familien på Øvre Ljøen. Dei hadde vore på rib-tur på fjorden, noko som imponerte stort.
-Fantastisk plass og fantastisk å vere her! Det var alle fire samda om.
Og musikken heldt fram, låtar som engasjerte publikum som møtte og samla seg på grassletta framfor scena der det vart både dans og glade smil til eit engasjerande og høgt lydnivå. Slik vart det med Datarock på scena og slik skulle det vel også vere når utescena på Fjellgården Øvre Ljøen Amfi feira 10 års-jubileum.
