12. desember 2025

God kamp av G14-laget

Sunnylven G14 vann stort på Hellesylt stadion søndag.

Etter stortap 2-15 mot Skodje 2 tidlegare i august viste Sunnylven G14 seg frå ei lagt betre side mot Larsnes. Der vann laget 7-1.

Etter kampen mot Larsnes søndag på Hellesylt stadion ligg Sunnylven G14 på fjerde plass på tabellen. Og spelarane til trena Eivind Louis Helset, fem jenter og fem gutar viste mykje flott spel i kampen mot Larsnes.  Gjestelaget ligg no på siste plass på tabellen og null poeng etter to kampar.

Kampen opna godt for heimelaget som etter fyrste omgang leia 3-0.
I andre halvdel kom Larsnes sterkt i starten og skåra reduseringsmål alt etter fem minutt. Men der i frå og ut var Sunnylven mest effektiv og best i kampen.
Det vart fire nye mål og siger 7 – 1.
Målskorarar for Sunnylven var Jakob Frøysa Hånes 2, Kristen Brenne Ringdal 1, Tora Kvamme Rusten 2, Anne Brenne Ringdal 1, Kai-Adam Røyrhus 1.
God dommar var Siv-Anita Aasheim Nessan, Sunnylven IL.

I neste kamp skal Sunnylven G14 møte Aksla 2 på bortebane, eit lag som ligg to plassar bak Sunnylven og med null poeng så langt i haustsesongen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →