
Stranda Fjord Trail Race vart arrangert i helga. I 25 km-løpet skulle 1850 høgdemeter forserast der løypa gjekk over Fremste Blåhornet, Heimste Blåhornet og Vardenakken før mål i Stranda Sentrum.
Tekst / foto: Tarjei Korsbrekke.
Herreklassen 25 km
I eit spektakulært fjordlandskap med tekniske stiar og bratt terreng gjekk årets Stranda Fjord Trail Race. Med høg fart, både oppover og nedover, leverte Ottar Frøysa Hellebostad ein meget sterk prestasjon. Med tida 03:21:01 fekk han ein sterk 15. plass av total 191 fullførande i herreklassen, uansett alder. I klasse Menn 20-29 heldt det til ein 8. plass av totalt 54 fullførande for den spreke 26-åringen frå Hellebostad.

Trym Helset hadde diverse utfordringar i starten av løpet, men trass dette sprang han seg inn på ein god måte og fullførte med stil. I klasse Menn 15-19 kom han på ein flott 4. plass med tida 03:59:21.
Kvinneklassen 25 km
I kvinneklassa imponerte Hege Ringdal med ein sterk 4.plass og tida 03:46:14, tett fulgt av Linn Kammen Flydal på 5. plass med tida 03:46:25. Begge heldt høgt tempo gjennom heile løpet og markerte seg i toppen av kvinneklassa der totalt 145 fullførte. Verdt å merke seg er at Hege og Linn kun var henholdsvis 42 og 53 sekund bak 3. plassen i løpet.
Linn Kammen Flydal vann klassa Kvinner 30-39 år, der totalt 46 fullførte.

Gapahuken opp neste
Det vart ei stor idrettshelg for Sunnylven IL, både i Sandnes og på Stranda. Resultata talar sitt tydelege språk, men like viktig er samholdet der ein heiar kvarandre fram og står saman i opp- og nedturar.
Så er vi spente på kva neste helg har å by på, når startskotet for Gapahuken opp går på Hellesylt Badestrand. Lykke til!