18. januar 2026

Konfirmantar presentert i Sunnylven kyrkje

Konfirmantane vart presentert i kyrkja på søndag, frå venstre Jakob Frøysa Hånes, Siril Kjellstadli, Tuva Marie Korsbrekke, Aleksandra Weronika Mlynaska, Kai-Adam Røyrhus og Terese Støverstein.

Søndag 31. august vart årets konfirmantkull på seks, to gutar og fire jenter presentert i Sunnylven kyrkje.

Søndag kveld var det gudsteneste i Sunnylven kyrkje. Mange møtte fram, mellom dei også årets konfirmantar som tel seks, to gutar og fire jenter.
Men før dei seks vart presentert vart det halde vanleg gudsteneste med preike, og mykje vakker song og musikk.

Prest Ann Kristin Langeland leia gudstenesta og heldt preika der ho tok utgangspunkt i forteljinga om Jesus som møtte ei kvinne frå Somaria. Kvinna hadde hatt fleire menn og levde no saman med ein som ikkje var mannen hennar. Jesus såg på henne og gav henne følelsen av respekt, noko som lettar skulda etter utruskap for henne. Ei ny sterk forteljing og levande fortalt av soknepresten.

Under gudstenesta vart det også framført mykje vakker song og musikk av Kristin Storstein song, Gunnar Inge Eide piano og med Per Olav Frøysa Hånes på strengeinstrument. Vakre innslag som gjerne bør gjentakast også seinare.

Så vart dei seks konfirmantane presentert. Det er Jakob Frøysa Hånes, Siril Kjellstadli, Tuva Marie Korsbrekke, Aleksandra Weronika Mlynaska, Kai-Adam Røyrhus og Terese Støverstein.

Det er seks flotte ungdomar som no skal «gå for presten» fram til våren og konfirmasjon i mai 2026. Frå no og fram til jul er det trusopplærar Martin Kristoffersen som skal vere med og stå for opplæring, og etter nyttår tek sokneprest Ann Kristin Langeland over.

I kyrkja på søndag vart det mykje vakker song og musikk av desse tre, frå venstre Per Olav Frøysa Hånes, Gunnar Inge Eide, og Kristin Storstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →