Laurdag 16. august blir motbakkeløpet Gapahuken Opp, frå badestranda på Hellesylt til Ringdal og målområdet på Hølten arrangert, i år for andre gong.
Frå badestranda på Hellesylt til Gapahuken på Hølten, Ringdal er 425 høgdemeter. Laurdag 16. august blir motbakkeløpet arrangert for andre gong etter at gapahuken stod ferdig i fjor. I samband med løpet då vart også gapahuken, det staselege byggverket høgtidleg opna med snorklipping av ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang.
Laurdag 16. august er det klart for ny styrkeprøve både av trimløparar og av konkurranseløparar. Opplegget er det same som i fjor, med unnatak av at det blir endring av årsklassene for dei yngste.
Det er Sunnylven IL som ønskjer velkomen til motbakkeløpet frå badestranda til Hølten. Underlaget er asfalt, grus og sti i variert terreng.
Starten går frå badestranda på Hellesylt klokka 12.00 laurdag 16. august for konkurranseklassa. Det er ikkje drikkestasjonar under vegs og det er ikkje krav om sekk.
For dei som ønskjer å ta seg opp til Gapahuken i sitt eige tempo vert det trimklasse.
Løpskontor blir i paviljongen på Sunnylven omsorgsbustad som ligg like ved badestranda. Startnummer for konkurranseklasser må hentast mellom kl. 10.00 og 11.30.
Det er startkontingent for løpet, 100.- kroner for dei yngste og 200.- kroner for damer og menn.
Felles premieutdeling ved Gapahuken for dei tre beste i kvar klasse etter målgang. I tillegg blir det delt ut uttrekspremiar på startnummer.
Vel møtt til Gapahuken opp 2025! skriv arrangør Sunnylven IL.
