Onsdag spela Sunnylven sine to lag i Norway cup dei siste kampane denne gongen. Gutane tapte 6-5 for Farsund & Lista fotball, og jentelaget fekk tap 4-3 mot Honningsvåg T & IF.
Sunnylven Fotball deltok i Norway cup med to lag i år, etter fleire år utan å vere med i den største fotballturneringa.
Begge laga gjorde ein flott innsats og kom heilt til 1/16 finalen og A-sluttspelet. Der vart det knepne tap for begge, 5-6 for gutelaget mot Farsund & Lista fotball, og 3-4 for jentelaget mot Honningsvåg T & IF.
Dermed vart det heimtur for begge, men etter flott innsats gjennom fire kampar på like mange dagar. Og sjølv om det vart tap for begge lag i fyrste A-sluttspelkamp var det heilt sikkert ei oppleving dei vil minnast lenge og som motiverer til nye gode treningar.
Vi på heimebane følgde med i spaning. Det var så lite som skulle til for at begge laga gjekk enno lenger i verdas største fotballturnering. Det kan skje ved neste høve.
Takk til spelarar, trenarar og resten av støtteapparatet for innsatsen denne gongen.
