I eit skriv bed næringslivet i Stranda om bevaring av Stranda vidaregåande skule. Skulen er også ein nøkkel til å halde liv i lokalsamfunnet, heiter det.
Næringslivet i Stranda har fått tilsendt eit skriv der dei blir bedne om å gje si støtte for bevaring av Stranda vidaregåande skule.
I støtteerklæringa blir det peika på at skulen er avgjerande for rekruttering, kompetansebygging og meir i kommunen.
Stranda er ei industrikommune i vekst og skulen har i alle år levert kvalifisert arbeidskraft. Mange av bedriftene har også fått hjelp med å fylle opp deltidsstillingar og få tilsett sommarvikarar.
Eit godt vidaregåande tilbod er viktig rekruttering for å trekke til seg god arbeidskraft. Nedlegging vil såleis gjere Stranda og nærliggande kommunar mindre attraktive som bu -og arbeidsplassar, står å lese i skrivet.
Det blir også peika på at Stranda har høge trivselstal, gode resultat og eit stort potensiale for vidareutvikling av kommunen.
-Møre og Romsdal fylkeskommune har støtta etablering av Denne Stranda AS, og prosjekt som Bli Med Hit!, noko som viser at fylkeskommunen tek sitt ansvar for regional utvikling på alvor. Ei nedlegging av Stranda Vgs vil undergrave desse måla, heiter det i skrivet.
-Vi oppmodar Fylkeskommunen til å oppretthalde Stranda vidaregåande skule med dagens studietilbod, satse på nye relevante utdanningsløp i samarbeid med næringslivet og sikre at skulen blir ein ressurs for både ungdom og vaksne i tråd med fullføringsreforma.
Stranda vgs er ikkje berre ein skule, men ein nøkkel til å halde liv i lokalsamfunnet, sikre nødvendig kompetanse og gi ungdom ei framtid her,
heiter det til slutt i støtteskrivet frå næringslivet i Stranda.
