12. desember 2025

Sopptur og søndagstreff

Fjellrosa 4H og Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til søndagstur med soppsamling og deretter treff på badestranda på Hellesylt søndag 7. september.

Det blir søndagstur frå Karbøbrua til badestranda 7. september. Då inviterer Fjellrosa 4H og Sunnylven bygdekvinnelag, fyrst på soppsamling på tur frå Karbøbrua klokka 12.00, og deretter treff på badestranda på Hellesylt ca. klokka 14.00.

På badestranda blir det servert grønnsaksuppe, og dei som har lyst kan få dekorasjonar med ansiktsmåling, lovar dei to arrangørane.
Det blir ein spandande og herleg søndag for alle som møter fram.

Velkomne til tur og samling, til friluftsglede og inkludering skriv dei to, Fjellrosa 4H og Sunnylven bygdekvinnelag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →