
I helga deltok Oskar Ringdal og Elias Helset på Blink-festivalen i Sandnes. Her gjorde Elias eit flott renn og kom på andre plass i klasse M 20-21 til slutt.
Av Tarjei Korsbrekke
Blink-festivalen i Sandnes
På Blik-festivalen deltok Elias Helset og Oskar Ringdal. Festivalen starta med Lysebotn opp der begge deltok, og fredag var det klart for kvalifiseringsrenn i Sandnes sentrum. Der gjekk dei 14 beste frå kvar klasse som vidare til finalen på laurdag.
Elias kom på 3. plass i M20-21 med fire bom. Med dette resultatet kvalifiserte han seg til den tv-sendte finalen laurdag. Oskar kom på 16. plass i M17 med tre bom.
Elias sin finale vart vist på NRK der han kom på ein imponerande 2. plass. For dei som vil sjå finalen ligger den på NRK nett-tv (sendt laurdag 18:00) https://tv.nrk.no/serie/skishow-paa-sommerfoere/sesong/2025/episode/ISPO30670525