
Eit firma jobbar no med å undersøkje grunnforholda der ny ferjekai på Hellesylt er planlagt å kome.
Ein lekter med diverse boreutstyr er på plass i sjøen på Hellesylt i området der den nye ferjekaia er planlagt å kome. Det er Hellesylt turist -og beredskapskai som er oppdragsgjevar for arbeidet der det blir samlar inn data om grunn og stabilitet for bygging av ny kai.
Driftsleiar i Stranda kommune, Inge Hole seier at arbeidet i sjøen på Hellesylt gjeld grunnundersøking og stabiliteten for nye ferjekai. Resultatet av dette vil bli lagt fram for kommunen til behandling i desember. Så blir det ny behandling i 2026, og går det som ein håpar kan det bli byggestart alt same år. Men dette er sjølvsagt usikkert og avheng av dei undersøkingar som ein no gjer av grunnen, seier Hole.