5. desember 2025

Vegen til Frøysa er asfaltert

Vegen til Frøysa er blitt asfaltert

I mange ti-år har det vore grusveg til Frøysa i Sunnylvsbygda med hol og andre følger dette fører med seg. No har det blitt asfalt.

I meir enn 50 – 60 år har den vel kilometer lange vegen til tettstaden Frøysa til tider vore i litt dårleg stand med djupe hol. No blir det ei endring, det har blitt oljegrus og fast vegdekke på heile strekninga.

Vegen til Frøysa i Sunnylvsbygda er kommunal. Den vart bygd som grusveg i samband med at det kom ny fylkesveg frå Hellesylt til Vollset på 60-talet og er mykje brukt både av fastbuande i området og andre.
Her har til tider vore mykje dårleg vegbane med djupe slaghol og vore til irritasjon for brukarar, men no er det blitt ordna. Stranda kommune har asfaltert heile vegstrekninga, til glede for alle brukarar av -Frøysa-vegen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →